Tidsskriftet Mellom er eit rom for litteratur- og omsettingsinteresserte, mellom språk, mellom skrivarar, mellom tekstar.
Vi trykker omsettingar og tekstar om omsetting i alle sjangrar, samt kritikk av omsett litteratur. Vi vil utvide den omsette kanonen, løfte fram verdien som ligg i omsetting, og vise breidda i kva omsetting kan vere. Vi ønsker å vere eit rom for ordskifte om korleis den omsette litteraturen både kan forme og bli forma av kulturelle strøymingar, tankegods og maktforhold.
Vi gir ut to trykte nummer i året. Redaksjonen består av Olivia Lasky, Amanda Aaserød, Tora Vassnes, Samira Muhudin, John David Crosby, Charlotte Buksrud, Andrea Regine Meyer, Karin Olås, Hanna Tungland, Jógvan Helge Garder, Annika Mysore, Ronja Thylén, og Inger Hesjevoll Schmidt-Melbye.
Hei!
Dette er eit gledeleg tiltak for ein som i fleire år har interessert seg for omsetjingsproblematikken og levert nokre bidrag her og der. Eg har hatt liggjande ei samling utvalde dikt av Rose Ausländer som eg nyleg sende til Samlaget og Bokvennen. (Berre eitt av dei har Wera Sæther med i samlinga si) Eit par av dei trykte Dag og Tid på baksida nå i januar. Elles har eg omsett dikt av Marie Luise Kaschnitz for Vinduet for ein del år sidan.
Kanskje de er interesserte i artikkelen min om Olav H. Hauges omsetjing av Trakl (i Transit) og omtalen av Hauges dikt i tysk språkdrakt (i Dag og Tid)?
Spørsmål til slutt: Kvar får ein kjøpt Mellom og når er innsendingsfristen for evt. bidrag til neste nummer?
Vennleg helsing,
Johannes Østbø
LikarLikar
Hei, og takk for spørsmåla!
Ei liste over bokhandlar som sel Mellom finn du her: https://tidsskriftetmellom.no/sal/ Mellom er også å finne i ein del Narvesen-kioskar rundt omkring i landet. Følger du denne lenka, kan du søke etter utsalsplassar i nærleiken: http://interpress.se/nb/produkter/magasiner/3009.mellom/
Elles kan du tinge alle nummera du ønsker, ved å sende ein e-post til salg@tidsskriftetmellom.no. Når vi sender per post, kjem porto i tillegg. Eit tredje alternativ er å spørje biblioteket ditt om dei har høve til å ta inn Mellom.
Når det gjeld dei andre forslaga dine, har vi svart deg direkte. Veldig kjekt å få slike meldingar – vi er alltid på utkik etter bidrag!
LikarLikar