
UTLYSING
Er du omsetjar og brenn inne med eit dikt du av god grunn meiner burde finnast på norsk? No har du sjansen! Eller er du musikar og vil prøve deg på å tonesette lyrikk?
Tidsskriftet Mellom, bandet Sluppen Grafokordlag og Oversetternes juniorklubb går saman om å gi ut ein pamflett med gjendikta lyrikk i forlenging av Mellom sitt nummer om aktivisme.
Dette er eit con amore-prosjekt som ønskjer å løfte fram dikt som fortener nye lesarar på norsk – anten fordi dei er litterært sterke, politisk viktige eller uttrykkjer noko som elles ikkje ville nådd fram til eit norsk publikum. Det er også ei feiring av gjendiktingas kunst!
Pamfletten blir lansert med brask og bram på Rosa bøker i Oslo fredag 9. oktober kl. 19, med opplesing av pamfletten, musikalske framføringar av tonesette dikt frå dei innsende bidraga og open mikrofon!
Bidrag kan sendast til belen@tidsskriftetmellom.no innan 1. juli 2026.
Eit bidrag i pamfletten avgrensar seg til eitt dikt i di eiga attdikting, og nokre setningar om kvifor du ville omsetje dette diktet.
Skriv også namn på forfattar, tittel på utgivinga diktet er henta frå, årstal og forlag.
Har du lyst til å skrive musikk til eit dikt og framføre det den 9. oktober? Send ein e-post og meld interesse: sluppengrafokordlag@gmail.com innan 1. september.
Bli med på ei fagleg, musikalsk og sosial feiring av lyrikken og attdiktaren!
Meir om prosjektet:
I alle omsetjingar finst ein brøkdel aktivisme. Sjølve arbeidet med ei omsetjing er eit ønske, ein påstand om at dette må ein lese, anten fordi det er godt, viktig, eller begge delar: Denne litteraturen fortener eit større publikum, og han kan formidle noko også til oss som berre kan lesa han i omsetjing. Det kan dreie seg om eit forsøk på å gje merksemd til eit emne, ei utvikling eller ein konflikt. Det kan handle om noko eksistensielt: formidling frå eit språk som er i ferd med å døy ut, som eit siste forsøk på å overføre kunnskap og forteljingar som elles ville gått tapt. Det kan handle om motstand mot strukturane i ein kommersialisert bokbransje. Eller det kan handle om representasjon, kven som skriv, og kven som blir omsett – og dermed lesne. I lyrikken kan det også dreie seg om eit ønske om å løfte fram det enkeltståande; ein presserande bodskap, ein sjeldan musikalitet, eller ein heilt særeigen rytme, som elles aldri ville funne vegen til norske lesarar – eller ein gjendiktar sin overmåte stor kjærleik til akkurat dette diktet.
Prosjektet er ei utforsking av kva som skjer når ein ikkje tenkjer på korkje bokformat, bransje eller forfattarskap, men på diktet for diktets skuld – og vidare kva som skjer når det blir lese høgt og kva kan skje om det blir til musikk.
Arrangementet er ein del av bandet Sluppen Grafokordlags konsertserie som utforskar musikaliteten i litteraturen og det litterære i musikken, og det vil også vere musikarar til stades frå omsetjaranes eigne rekker. Denne kvelden vil det også vere open scene, så om du har laga musikk til ei attdikting, gjendikta ein song eller vil lese opp eit gjendikta dikt du kjenner må bli dratt fram frå gløymsla, kom og bli med! Og du er også sjølvsagt hjarteleg velkomen som publikum.
Rosa Bøker: https://www.rosabok.no/
Tidsskriftet Mellom: https://tidsskriftetmellom.no/
Sluppen Grafokordlag: https://www.sluppengrafokordlag.com/