Gjendiktingskonkurranse!

Det går mot mørkare tider, og det ser også ut som om det framleis vil gå ei stund innan dei kalde vindane i verda kjem til å snu. Kva er da betre enn å sette seg ned med ein god protestsong og lage ein norsk versjon?

Neste nummer av Mellom – tidsskrift for omsett litteratur – skal handle om musikk i omsetting. Inspirert av temaet, held Mellom-redaksjonen ei gjendiktingskonkurranse der vinnarbidraga blir trykte i ein eigen antologi med omsette protestsongar.

Send ditt bidrag til redaksjonen@tidsskriftetmellom.no innan 1. februar 2019!

Bidrag som er omsette frå andre språk enn engelsk, dansk og svensk, er særleg velkomne.

07

Foto: Lise Hartvigsen / @hartvixen

Reklame